Det eg skapar er eit uttrykk for synsinntrykk, tankar, følelsar, erfariningar og energi.
Eg er opptatt av at bilda skal gi rom for tolking, ved at ein kan gå inn i ei «verd» der det ikkje er noko som er definert som rett eller gale, men der alt er mogleg. Dette kan skape ei friheit og nysgjerrigheit både for meg i prosessen, men òg for dei som opplever bilda og som kan tolke dei inn i sin røyndom, og på den måten tilføre bilda ein annleis og/eller ein større verdi.
Ein viktig del av prosessen er den indre reisa gjennom undring og refleksjon. Dette fordi undring og refleksjon ofte fører til rørsle, endring og utvikling.
Eg jobbar intuitivt og abstrakt, og jobbar aktivt for å respondere og ta på alvor det som oppstår av strøk, former og linjer, framfor å planlegge og vere styrt av idear og tankar eg eventuelt har gjort meg opp på førehand. Denne prosessen gir ofte overraskingar og uventa resultat, og ein følelse av å heile tida vere på veg mot noko nytt og ofte uventa.
Eg lagar både måleri og collage på lerret, finérplater og papir. I tillegg lagar eg giclée-trykk.
Dersom du har spørsmål om bilde og giclée-trykk, so ta gjerne kontakt ved å fylle inn konktaktskjema.
Utstillingar
2012 Kulturhuset Gamlebanken, Nordfjordeid
2013 Norges vassdrags- og energidirektorat, Oslo
2015 Eidsfoss Hovedgård, Eidsfoss
2018 Galleri Albin Art, Oslo
Innkjøpt av:
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Høgskulen i Sogn og Fjordane, Helsefag